Leige

IMG_0751

Plantekning av Lemstova

                               Toalett               Stove.                          Kjøken m/peis.      Bu (fotoet over er frå dette rommet)

Ein kan leige Lemstova til arrangement.
Der er dekketøy til ca 60 personar, men skal alle sitje i same rom ved bord er det plass til opp til 36 – 38 personar.

Prisar som gjeld frå 1. okt. 2022:
Eldhuset (kjøkenet) for inntil 4 timar:                                       kr.    400,-
Eldhuset (kjøkenet) for lengre enn 4 timar:                             kr.    600,-
Eldhuset og Stovene (heile 1.etasje) for inntil 4 timar             kr.    900,-
Heile huset heile dagen                                                              kr. 1.800,-
For tilkomst dagen før frå kl. 17 (til pynting og klargjering) kjem eit tillegg på kr. 500,-.

Rosemålarverkstaden kr. 400,- inntil 4 timar, kr. 600,- for meir enn 4 timar.

Alle arrangement skal vere avslutta seinast kl. 24.00.

Ver merksam på at det er begrensa mogelegheiter for køyring til, og parkering på, det historiske tunet. Parkering for rørslehemma og tenestekøyring (vareleveransar m.m.) skal prioriterast framfor anna parkering.

For kontakt angåande leige av huset og reglar i samband med leige:

Torolf Juvik  – telefon 949 71 690 eller e-post til thjuvik@online.no

Lemstova kan elles stillast til disposisjon for barnehagar, skular og andre undervisingsføremål  etter nærare avtale