Tysdag 19. oktober 2021: Intimkonsert på Lyngheim

Vi fekk besøk av ein duo som er sett saman av ein så sjeldan instrumentkombinasjon som harpe og bandoneon (eit lite trekkspel – ser ut som ein torader). Det var syskenparet Julie og Andreas Rokseth som kom på besøk. Musikken er inspirert av keltisk og skandinavisk folkemusikk, samt argentinsk tango. Publikum snakker om ei særegen melankolsk glede etter å ha opplevd konsertar med duoen.

Tysdag 4. mai 2021: Intimkonsert i Vognhallen

Trio Alde av Thor Haukenes

Intimkonsert – etter ein lang pause.  Dette var vårt bidrag til gjenopninga av Noreg!
Av omsyn til smittevernet hadde vi valt å flytta konserten til  Vognhallen.  Der er det betre plass og lettare å følgja reglane som gjeld for denne type arrangement. Det blir ikkje like intimt som på Lyngheim, men vi må innsjå at lemstova ikkje er bygd for Korona.
Tre av dei mest fargesterke folkemusikarane våre: Gabriel Fliflet (trekkspel, piano, song), Berit Opheim (song) og Jorun Marie Kvernberg (feler, song m.m.) har laga ein ny trio – Trio Alde.