Søndag 11. juni frå kl. 11.00 -16.00
Det blir sal av kaffi/te og vaflar

Før jul kom nyhende om at rosemålaren Hjørdis Juvik frå Os var tildelt Kongens fortjenstmedalje for «omfattande og samfunnsnyttig arbeid med kulturbevaring og kulturformidling». 3. februar 2023 fekk ho medaljen i hende av ordførar Trine Lindborg.
Frå overrekkinga av Kongens fortjenstmedalje til Hjørdis Juvik på Lyngheim 3. februar 2023
Denne gongen fekk vi besøk av Gabriel Fliflet og hans band Novgorod. Gabriel treng ikkkje noko nærare introduksjon for publikumet på Lyngehim. Hans store musikalitet og underfundige humor kjenner vi godt frå før. Men Novgorod har ikkje vore på Lyngheim før. Bandet består forutan Gabriel av David Chelsom Vogt (fele, sang), Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, sang) og Jørgen Sandvik (gitar, sang). Vi kan lova dykk ein fartsfylt kveld full av god humør og smittande speleglede.
Vårens første intimkonsert med duoen Austestad/Meisfjord. Hans Martin Rundberg Austestad kjem frå Eikelandsosen og har bachelor og mastergrad i utøving frå Norges Musikkhøgskule og Universitetet i Agder. Han er songar, låtskrivar, banjoist og produsent med ein rekke utgjevingar og prisar bak seg. For tida arbeider han med å nytolke norsk og amerikansk folkemusikk på femstrengsbanjo.
Sondre Meisfjord kjem frå øya Frei rett ved Kristiansund. Han er ein meister på kontrabass, spelar og har spela med kritikarrosa grupper som Gjermund Larsen Trio, Come Shine, Erlend Viken Trio og Kari Bremnes. Dei framføre eit variert repertoar av lokal og regional folkemusikk, folk, og nokre sjølvskrivne viser, framført med kontrabass, banjo, gitar og song.
Her finn du lenke til eit særtrykk frå verket Vestlandets historie, bind 2 skrive av Nils Georg Brekke.
Julakonserten på Lyngheim, var denne gongen med meir kortreiste musikarar enn det vi vanlegvis byr på. Vokalgruppa Winckel frå Bergen og Os byr på ei upretensiøs konsertforestilling spekka med vokaleri som både kan gira deg opp og stressa deg ned i førjulsstria. Dei kombinerer humor og god forteljarteknikk med vokalmusikk av høg kvalitet.
Winckel er i dag etablert som den leiande vokalgruppa på Vestlandet og består av Myrna Braza, Guro Dugstad, Elin Hestenes og Kristine Bjånes – fire musikarar med lang fartstid i vokal- og musikkbransjen, som artistar, ensemblesongarar, solistar, stemmepedagogar og dirigentar. I tillegg har dei med seg Thomas Haugland, som står for lyden (og er osing han òg)
Det var ei stor glede for oss å invitera til haustens første intimkonsert med desse tre legendene – Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal. Både Annbjørg Lien og Arve Moen Bergset var landskjende stjerner før dei blei tenåringar, ho på hardingfele og han med kveding. Steinar Ofsdal spelar på alt av fløyter. Saman kaller dei seg Bukken Bruse.
Bukkene Bruse har gjeve ut fem album, har vunne Spellemannpris og motteke Prøysen-prisen. Trioen fekk turnéar i inn- og utland, og musikken tok dei verda rundt frå Kina til dei amerikanske sørstatane. Dei vart utnevnde som offisielle OL-musikarar for OL på Lillehammer 1994.
Det var kultursjefen i Bjørnafjorden kommune, Erik Vangsnes som sto for opninga. Styreleiar for Stiftiga, Magne Brekke fortalde om arbeidet som har vore gjort for å få verkstaden på plass.Verkstaden skal nyttast til kurs og undervisning om mellom anna rosemåling så tradisjonane kan førast vidare. Hjørdis Juvik og Torunn Rød Farsund blir sentrale i dette arbeidet saman med Nils Georg Brekke.
Vårens første intimkonsert. Denne gongen valde vi å legga konserten til Solbakkestova – stova til Arne og Vidar Bratlund-Mæland, Solbakken 14, Os.
Orkesteret er sett saman av 6 menn, og det er rett og slett ikkje plass nok til eit så stort band i lemstova.I deira musikk møtes nord og øst. Sterke skandinaviske røtter smelter saman med skrudlande dansemusikk frå Østeuropa. Dei er kjent som eit forrykande live-orkester som alltid sprer glede og begeistring.
You must be logged in to post a comment.