Årskavalkade 2016

sherpaer-bygger-mur
Lyngheim i 2016

Det har vore nok eit aktivt år både i og omkring tunet på Lyngheim i 2016. Det første som kom på plass på vårparten, var steingarden. Denne vart bygd ferdig i løpet av eit par veker ved sherpa-laget til Geir Vetti. Det var imponerande å sjå måten dei arbeidde på, og resultatet blei like imponerande. Som ein skulptur ligg steingarden i landskapet og avgrensar tunet mot parken og vegen.

 

lyngheim-2016-parken-1Deretter starta Botnevik Samdrift arbeidet med å flytta gjerdet langs stigen lengre ut mot Langhamrane, slik at ein fekk tilbake meir av terrenget ut mot fjorden. I den austlege delen av området er det rydda opp i ei eldre bossfylling, med bortkjøring av gamle fyllmassar.        I samarbeid med Os kommune er det tilkjørt reine steinmassar og jord, og med stein frå Holmefjord er det bygt ein støttemur ut mot fjorden. Terrenget er planert og tilsådd, og det  er strekt sikringsgjerde langs   muren, med tilrettelegging av tre nye uteplassar.

lyngheim-2016-parken-2

Stiftinga har fått tildelt midlar frå Gjensidigestiftelsen til arbeidet med sikringsgjerde og uteplassar, og saman med midlar frå andre sponsorar har dette gjort det mogeleg å gje parken eit skikkeleg løft. Den største uteplassen har fått montert ein fin treterrasse, gjennom stor dugnadsinnsats under leiing av Jan Røttingen, og det er lagt ein stig ned spesielt tilrettelagt for rullestolar. Dette er eit flott utsiktspunkt, der alle kan nyta utsynet mot Bjørnafjorden.

 

Seinhaustes kom Os kommune i gang med å gjera klart for leikeapparata, som vart monterte før årsskiftet. Det kan koma fleire leikeapparat i inste delen av området og aktivitetsparken.

Ei elev prøver rosemåling
Ei elev prøver rosemåling

Det har vore mange fine arrangement i lemstova gjennom året. Det har vore arrangert fire intimkonsertar, mellom anna heldt Sigrid Moldestad konsert i april. I juni fekk det historiske tunet vitjing av alle 10. klassane i Os kommune, i regi av den kulturelle skulesekken.

elevar-byggjer-grind
Elevane set opp eit lite grindbygg

Elevane fekk ei innføring i arkitektur og byggeskikk med utgangspunkt i lemstova. Det var utstilling av rosemålte kister og bruksting, og nokre av elevane fekk prøva seg på rosemåling.

I juni kom det òg ein delegasjon frå Vestrheim Museum i Decorah i Iowa, USA. Dei hadde vore på rundreise i Norge og avslutta med eit på besøk på Lyngheim. I det historiske tunet vart 38 entusiastiske norsk-amerikanarar ynskte velkomne av varaordførar Marie Bruarøy og fekk høyra foredrag av Nils Georg Brekke om tradisjonane i den vestnorske folkekunsten, etter at dei hadde kunne nyta kaffe, te og lefse til tonar frå Os Spelemannslag. Sjå omtale i Os & Fusaposten

Det har vore fleire opne søndagar på Lyngheim, der folk kan koma innom og få seg ein kopp kaffe og noko å bita i, anten dei går på tur i området, eller dei kjem for å sjå nærare på lemstova. Det vart også halde eit historisk foredrag i tunet i samband med i Os kommune sitt program under Kulturminnedagane i september. Før jul var òg lemstova i bruk til kurs i binding av kransar, og første søndag i desember vart det laga tradisjonell julepynt saman med Hjørdis Juvik, medan Tore Lyssand las eventyr for dei minste på lemen.

Utleige av lemstova til konfirmasjonar, barnedåpar og andre samkomer har vore jamn gjennom heile året. Stova er òg vorten oppgradert med lerret og framvisar i toppkvalitet. Saman med tilrettelegging av breiband gjer dette at ein no kan nytta lemstova til presentasjonar, foredrag og anna møteverksemd. Moderne hjelpemiddel kombinert med historiske og autentiske omgjevnader gjer Lyngheim til ein unik møteplass.