Arrangement

400

Vi har i løpet av året ulike arrangement i regi av Tunet.
Her vil du kunne oppleva konsertar, familiedagar, litteraturarrangement, kulturformidling, juleverkstad, ope hus og tradisjonshandtverk. Arrangementa vil også bli annonsert i lokalpressa og på fjesboka: http://www.facebook.com/Lyngheim

Ver merksam på at det ikkje er allmenn parkering på Lyngheim, berre etter avtale.

Tirsdag 10. november 2020 kl. 19.00
Lyngheim flyttar til Vognhallen!

Åsmund Nordstoga med fleire spelar Robert Burns på norsk!

Tysdag 10. november flyttar vi intimkonserten på Lyngheim til Vognhallen!  Vi har innsett at Lyngheim ikkje er bygd for Korona, og inviterer publikum til å oppleva Lyngheim-steming i Vognhallen i staden.

Haustens første ikkje-fullt-så-intimt-som-vanleg intimkonsert handlar om Robert Burns på norsk. Åsmund Nordstoga (bror til Odd), Sarah Jane Summers og Ingebjørg Lognvik Reinholdt presenterar dialektoversettingar av den skotske folkediktaren Robert Burns sine populære tekstar, på originalmelodiane frå den skotske songtradisjonen.  Med seg har dei Juhani Silvola på gitar og Morten Kvam på bass.
Billettar kr. 250,-.
Sjå meir informasjon om konserten og kjøp av billett:
Åsmund Nordstoga med fleire 10.11.20

 

________________________________________________________________________________________

Tidlegare arrangement:

_________________________________________________________________________________________________________

Tysdag 18. februar 2020:  Intimkonsert på Lyngheim.

Vårens første intimkonsert på Lyngheim var med  tre unge kvinner frå Danmark som kallar seg Vingefang. Repertoaret er ei blanding av skandinaviske tradisjonar, franske balladar og brasilianske rytmar.

Medverkande:
Lene Høst – vokal, gitar, piano, perkusjon
Maja Freese – vokal, cello
Miriam Ariana – vokal, fele, bratsj, perkusjon

6. november 2015
Lyrikkveld i Lyngheim  med Hans Sande og Bente Bratlund.

Sjå førehandsomtale i Os& Fusaposten


23.august 2014
Det historiske tunet blei opna 

Les rapport og sjå bilete frå arrangementet.

IMG_0792

Steinar Lyssand og blueskameratane hans
framførte tradisjonsrike blåtonar


Presse frå opninga:

https://lokalen.wordpress.com/2014/08/24/flere-hundre-pa-apen-dag-pa-lyngheim/

http://www.midtsiden.no/lyngheimparken-er-klar

https://lokalen.wordpress.com/2014/08/19/roser-liljer-og-blues/