Om tunet

 

007

Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim er eigar av og pådrivar for det historiske tunet.

Stiftinga Lyngheim har som mål at den lange lemstova frå Tveit skal inngå i det historiske tunet på den kommunale frilufts- og parkeigedommen på Lyngheim, mellom Os og Solstrand. Det historiske tunet vil bli ein fin kulturell og sosial møtestad for alle aldersgrupper – eit vindauga mot historia i handverksbygda Os og ein base for kulturvandringar langs fjorden.

Det historiske tunet på Lyngheim i Os
-Ein møtestad for alle!

* ein kulturell og sosial møtestad for alle aldrar
* arena for barn og unge, grupper i eldreomsorga og funksjonshemma
* heimebakst og kaffi kring grua i eldhuset i den gamle lemstova
* utstillingar og aktivitetar kring gamle handverk
* uteamfi for konsertar og sosialt samvær ved Langhamrane
* uteplassar og kvilebenkar ved fjorden
* offentleg tilgjengeleg toalett
* friluftsområde med rom for leik, idrett og uteaktivitetar
* nærmiljøtiltak for familiar, lag og foreningar

Styret i stiftinga 2016:

Magne Brekke, leiar
Nils Georg Brekke,
Torolf Juvik,
Borghild Borgen,
Vidar Bratlund-Mæland,
Trond Lekven,
Erik Øyasæter.

Det historiske tunet er driven av stiftinga og Vener av Lyngheim. Det er bygd på dugnad og med mange støttespelarar. Me kunne ikkje fått dette huset opp utan god støtte frå enkeltpersonar, bedrifter og fond. Eit godt sammarbeid med kommunen er og ei viktig brikke. Men det som virkelig har gjort at dette proskjektet har skilt seg ut er det enorme bidraget frå dugnadsgjengen. Utan dei ville det å få dette huset opp vore nærast umulig.
Les meir om dugnadsarbeidet i ein rikt illustrert rapport som du finn til høgre på sida.

Etter opninga har det alt utmerka seg som ein god kulturarena for formidling av tradisjonar og kulturelle opplevingar.

IMG_1774Uten navn

Det er ei stund før huset og tunet er ferdig. Ønsker du å  vera med å bidra med dugnad, som medlem av Vener av Lyngheim, kulturelle bidrag i drifta eller ved pengestøtte er det bare å ta kontakt med styret.