Det historiske tunet på Lyngheim

Det historiske tunet på Lyngheim med Lemstova, skykkjo og rosemålarverkstaden som er under arbeid. (Foto: Tone Brodal Mongstad)

Aktuelt:

Kulturminnedagane 2019 vert arrangert i tida 7. – 15. september.

Ei arbeidsgruppe er i gang med å planleggje for arrangement desse dagane.
I gruppa er det representantar frå Os Sogelag, Fortidsminneforeininga Os lokallag, Stiftinga Lyngheim/Vener av Lyngheim, Oselvarnaustet, Oselvarverkstaden og Os kommune.

Stiftinga Lyngheim blei i mai tildelt 10.000 kr. frå #herkjembjørnafjorden-fondet.
Pengane skal nyttast til “Kulturmøte rundt handverkstradisjonar i Lyngheimtunet”, og vert omtala som eit nyskapande og brobyggjande tiltak.
Les meir om fondet og tildelingane på Os kommune sin nettstad.

(Foto: Torolv Juvik).
12. juni 2019 var Leif Tore Koldal og hans 12 elevar frå byggteknikk-lina ved Os vidaregåande skule inviterte til ei samkome i lemstova for å markere slutten på skuleåret og arbeidet deira med rosemålarverkstaden.
Alle fekk eit rosemåla diplom som minne, og med seg heim klehengarane dei hadde rosemåla tidlegare.

Planen er no at ein ny klasse frå hausten skal fullføre tømrararbeidet i verkstaden.

 

Årsmelding Vener av Lyngheim for 2018

Vil du sjå eit oversyn over nokre av hendingane på Lyngheim i 2018? Klikk her

 

Ridder av 1. klasse.
Onsdag 3. april 2019  vart Nils Georg Brekke slått til riddar av 1. klasse, og  tildelt St. Olavs Orden for innsatsen hans for norsk kulturminnevern.  Den høgtidelege seremonien fann stad på Solstrand hotell og bad

Fylkesmann Lars Sponheim overrekte medaljen.

 

 

(Foto: Torolv Juvik)

 

Kulturminnedagane og Kystsogevekene 8.-15. september 2018.

I Os hadde vi eit samarbeid mellom Os Sogelag, Fortidsminneforeininga Os lokallag, Stiftinga Lyngheim/Vener av Lyngheim og Os kommune ved kultureininga om utstilling og arrangement på Lyngheim.

Sjå heile programmet

18. september 2018
I samband med Kulturminnedagane hadde Kulturvernforbundet nominert fem arrangement til Kulturminnedagsprisen. Arrangementet i Os vart vinnaren  av 30.000 kroner. Sjå meir på midtsiden.no   og Os & Fusaposten

__________________________________________________________________________________________

9788241904028

 

Under finn du lenke til eit særtrykk frå verket Vestlandets historie, bind 2 skrive av Nils Georg Brekke.

Vestlandets-historie-sc3a6rtrykk_2.pdf

___________________________________________________________________________________________

Det historiske tunet på Lyngheim i Os utanfor Bergen er driven av stiftinga
Det historiske tunet på Lyngheim og Vener av Lyngheim. Det er bygd på dugnad og med mange støttespelarar. Etter opninga i august 2014 har det alt utmerka seg som ein god kulturarena for formidling av tradisjonar og kulturelle opplevingar.

Stiftinga Lyngheim har i samarbeid med Os kommune og eksterne sponsorar rusta opp uteområdet Lyngheimparken for over ein halv million kroner.
Sjå reportasje i Os & FusaTV

Parken vart offisielt opna 8. juni 2017

Leige av Lemstova
Det er høve til å leige Lemstova til ulike arrangement, både for privatpersonar, lag og andre. Sjå meir informasjon om prisar og reglar.

Adressa til Lyngheim er Steinneset 47, Os. Sjå kart